Vi jobbar stadig med å gjere Digipost enklare, tryggare og meir nyttig for deg. Her er noko av det vi har jobba med i det siste: Ny løysing for sikker deling av dokument Med Digipost kontroll kan ei verksemd be om innsyn i dokument du har motteke i Digipost. Til dømes, dersom du må vise ei politiattest, kan dette gjerast via Digipost. I staden for å skrive ut eller vidareformidle dokument frå postkassa di, kan verksemda no få innsyn i dokumentet og vere sikker på at det er ekte. Du har sjølv full kontroll på kva for dokument du vil dele, med kven, og kor lenge. Vær først med å teste ny funksjonalitet Visste du at du kan teste og påverke utviklinga av ny funksjonalitet før ho blir lansert? Under Profil i Digipost-appen finn du Nye konsept. Akkurat no kan du teste: mørk modus – vel mellom mørk eller lys modus i appen ny listevisning i postkassa – for ei meir intuitiv brukaroppleving Del postkassa med nokon du stolar på Treng du eller ein pårørande hjelp til å følgje opp viktig post? Dette kan løysast ved å gå til Profil og Tilgangar, og gi kvarandre tilgang til postkassa. Den som får tilgang kan: lese post sende post på dine vegner bli varsla om nye meldingar på e-post |