Torsdag 28. august 2025 kl 12.-14. på Sula bibliotek
- Tilbakemelding på temakvelden vi hadde om «Digital arv», torsdag 25. sept.
- Microsoft har snudd i Win10-saka. Vi som bruker win10 vil fortsatt få oppdateringar i eitt år til. Snur: Windows 10-oppdateringer blir gratis i Norge – Tek.no
- Korleis oppdatere Win10 på din pc. Det er viktig at operativsystemet og program på pc-en blir oppdatert.
- Det har kome til fleire nye medlemmar i år. Kva tenkjer dåkke om framtidig aktivitet i Seniornett Sula?
- Norgespris på straum. Det handler litt om å orientere seg i det digitale landskap.
Torsdag 28. august 2025 kl 12.-14. på Sula bibliotek
- Slik ser hausten 2025 ut – orientering
- Orientering om samlinga 25. sept. med temaet «Digital arv»
- Dagens nettlesar: Vivaldi
- Dagens søkemotor: Qwant
- Dagens nettside: Bokmål til Nynorsk | Tekstoversetter | Wordify
Oversett tekster fra bokmål til nynorsk og fra nynorsk til bokmål.
Tjenesten er basert på «Apertium» (åpen kildekode) som vedlikeholdes og utvikles av entusiaster fra hele verden.
- Kva er forskjellen på eit «google-søk» og å stille eit spørsmål i eit «KI-verktøy» (Copilot). Dette skal vi prøve ut.
Så får vi sjå kor mykje av dette vi rekk å gjennomgå.
Torsdag 27. mars 2025 kl. 12-14 på Sula bibliotek
Aktuelle tema å sjå på
- Hudd – litt nytt sidan sist
- Legge nettside på startskjermen på mobilen – oppfølging frå sist møte.
Torsdag 27. februar 2025 kl. 12-14 på Sula bibliotek
Tema som er aktuelle å sjå på er:
- Vi ser på heimesida til Seniornett Sula seniornettsula.com og lager ein «app» av den nettsida. På iPhone er oppskrifta som vist til på denne nettsida: Hvordan legger jeg til nettside på startskjermen på iPhone eller iPad? – Skisporet Brukerstøtte
- Seniornett Sula på appen «Hudd» – er du lagt til som medlem?
- Dagens nettside: «klokka.no»
- Det er delvis slutt på oppdateringer for Windows10. Kva no? Avvikling av kundestøtte for Windows 10, Windows 8.1 og Windows 7 | Microsoft Windows
Seniornett om overgang frå Win10 til Win11: Windows 10 pensjoneres – Seniornett Norge
Sikkerhetsprogram på pc : Antivirus på Windows-PC – Seniornett Norge
Windows Sikkerhet – hvordan fungerer den? – Seniornett Norge
- Heftet «Digital arv» kan lastast ned for medlemar på Digital arv – Seniornett Norge
- Litt infor om Årsmøte 2025 – skiVM
Torsdag 30. jan. 2025 kl. 12.14 på Sula bibliotek
Dette er vår første samling på nyåret. I januar har vi hatt tre torsdagar med tilbud om individuell hjelp. 1 person har benytta seg av tilbudet.
På denne datakafèen vil vi sjå på nokre av desse punkta:
- Endre ikon på mappe i filutforsker
- Hudd – nytt norsk sosialt medium. Det kjem ei ny stor oppdatering av appen i neste veke.
- Atvin – ny app for søppel
- KI – Copilot i EDGE
- Svindel på nett – NRK-innslag Dagsrevyen – NRK TV (skroll deg bortover til innslaget om «Facebooksvindel».
- Årsmøte 2025 – kort orientering.
Torsdag 28. nov. 2024 kl. 12-14 på Sula bibliotek
Dette er siste samlinga før jul. Tanken er at det skal vere litt ope med omsyn til tema som blir tatt opp. Er det mange som har innspel på kva vi kan snakke om, ja så blir det det vil dreie seg om det. Men vi har litt på lur:
Eit nytt sosialt medium har dukka opp. Du kan på førehand lese litt på Hudd – Et hyggeligere og tryggere Norge og laste ned appen på din smarttelefon. Dette er noko av det mest spennande på app-fronten i år (Gunnar si meining).
Lage eigne julekort på nett. Prøv Lag alle slags kort med proffe verktøy – Canva .
Slekt og data. Vi kan gi ein smakbit på bruk av eit slektsprogram, Legacy Family Tree software: Norsk – Legacy Family Tree Genealogy Software , og gå inn på Digitalarkivet. Om dette er av interesse kan det vere aktuelt å melde seg inn ei lokalfereining som omhandler slekt og data, Slekt og Data | Norges største organisasjon for slektsforskere
Torsdag 31. okt.2024 kl. 12 -14 på Sula bibliotek
Sosialt samvær med ein prat om data og mobilbruk som opptek oss. Enkel servering. Nokre elevar frå Sula ungdomsskule kjem for å demonstrer ein app som har med fiske å gjere. I oktober har Seniornett Norge fokus på at det er nasjonal sikkerhetsmånad. I samband med det skal vi sjå på nokre tips vedr handling i nettbutikkar.
For medlemar av Seniornett kan du lese om temaet her: Oktober er nasjonal sikkerhetsmåned! – Seniornett Norge
Gode råd for trygg netthandel – Seniornett Norge
Her er ei nettside som har laga ei oversikt på trygge nettbutikkar: Trygg E-Handel » Sertifiserte butikker (tryggehandel.no)
Nettside om svindel: Lær selvforsvar mot svindel – Svindel.no
Torsdag 26. sept. 2024 kl 12 -14 på Sula bibliotek
Tema for møtet er digitalisering av lysbilete/diar og negativ film. Med hjelp av fotoscanner blir det demostrert korleis dette fungerer. Seniornett Sula har som mål å få kjøpt inn fotoscanner og bærbar pc som kan lånast ut til dette formål. Før det kan skje må vi få økonomisk tilskudd frå ?????
Torsdag xx. aug. 2024